I år gjekk Kvinnestreif til Hyen og til Kleppenes Gard. Reisemålet i Hyen var Bdr Aa, men sidan dei vart hardt råka av uveret tidlegare på pret, kunne dei ikkje taa imot oss. V møttest i Hyen samfunnshus der Hyen bygdekvinnelag tok godt imot oss med kaffi og kaker og rundstykke. Der møtte vi også ein representant frå Bdr Aa , som fortalde oss om bedrifta på ein fin og interressant måte. Det er ei imponerande bedrift!
Hilde Gunn Ommedal fortalde engasjert om Hyen og Colombusparken, der vi samlast i nydeleg ver og omgjevnader etter foredraga.
Siste stopp var Kleppenes gard der vi fekk lunch. Vi fekk omvisning ute og inne , og det var ein flott dag å vere der på i det nydelege veret. 60 bygdekvinner frå 10 lokallag deltok på Kvinnestreif og vi hadde ein kjekk og inspirerande dag, hyggjeleg samver og god mat i nydelege omgjevnader og godt vertskap.