Inspirasjonsseminar 2019 gjekk av stabelen i vakre Trondheim 8.-10.november. Foto: M.Hauso
Inspirasjonsseminar 2019 gjekk av stabelen i vakre Trondheim 8.-10.november. Foto: M.Hauso
Hans Olav Brenner og Anita Krohn Traaseth om Præstgar'n. Foto M.Hauso
Hans Olav Brenner og Anita Krohn Traaseth om Præstgar'n. Foto M.Hauso
Professor i bevaringsbiologi Anne Sverdrup-Thygeson. Foto: M.Hauso
Professor i bevaringsbiologi Anne Sverdrup-Thygeson. Foto: M.Hauso
Sigrid Moldestad gav oss ei fantastisk konsertoppleving! Foto: M. Hauso
Sigrid Moldestad gav oss ei fantastisk konsertoppleving! Foto: M. Hauso
Forfattar Shazia Majid delte ein sterk historie. Foto: M.Hauso
Forfattar Shazia Majid delte ein sterk historie. Foto: M.Hauso
Jan Thomas Odagard, leiar i Utviklingsfondet. Foto: M.Hauso
Jan Thomas Odagard, leiar i Utviklingsfondet. Foto: M.Hauso

Heimatt med inspirasjon!

Bygdekvinnene sitt inspirasjonsseminar baud på det eine høgdepunktet framføre det andre. Hans Olav Brenner, Anne Sverdrup-Thygeson, Shazia Maijd  og Sigrid Moldestad var nokre av namna som toppa inspirasjonsseminaret 2019.

 

Leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg, ynskte 270 bygdekvinner velkomne til Trondheim.  

 

 

Heddal Bygdekvinnelag frå Notodden vart kåra til årets lokallag 2018. Bygdekvinneprisen "Kjerringa mot straumen" gjekk til ei rørt Karoline Sunde Storflor. Me gratulerer!

 

  

Frå prestegard med historisk sus til kulturhus. Hans Olav Brenner (NRK programleiar, litteraturjournalist og skodespelar) og Anita Krohn Traaseth (næringslivsleiar, forfattar og spaltist i Aftenposten) delte sine erfaringar frå sitt spenstige fellesprosjekt. Utan å kjenna kvarandre, gjekk dei i 2017 saman om å kjøpe prestegarden i Snertingdal. Ein spesiell historie med ein god porsjon galskap og mykje arbeid, til glede for bygda og for kulturlivet. 

 

 

Siri Helle, skribent, forfattar og agronom sette lys på forbrukermakt. Ho har skrive boka "Handle rett", som tek for seg alla vala me må ta i matbukikken og boka "Matmakt på butikken".  Helle peika på SlowFood-rørsla, og drog fram grunnleggjaren Carlo Petrini. 

 

 

Kva kan me læra av mathistorien vår? Spørsmålet blei stilt av sosiolog og forskar Annechen Bahr Bugge, som ei årrekkje har forska på mat og etevanar. No har ho skrive boka Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere. Sjå gjerne Bugge sin interessanne film Youtube: https://www.youtube.com/watch?v=iVmOrWj1w3s 

 

 

Livsglede- frivilligheit, meistring og lukkefølelse var temaet Kari Frank reflekterte rundt. Frank snakka om verdet i det å drive med noko ein likar, dele med andre, skape saman og løfte i flokk. Og ja, ho gjorde oss litt klokare.

 

Jorunn Henriksen, styremedlem i Norges Bygdekvinnelag gav oss mange tankar omkring verving. Ho inspirerte oss, og før me kom tilbake til Hardanger, hadde det blitt fleire medlemer i Ulvik bygdekvinnelag!

 

 

Frå Ulvik Bygdekvinnelag var det tre deltakarar; Ingrid Nummedal, Caroline Macay Freim og Margunn Hauso

 

  

Laurdag var det duka for festmiddag og ølsmaking frå kvinnelege produsentar.

 

Festmiddagen blei avslutta med livleg underhaldning av Igor og fetterne.

 

 

Bli medlem