REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I VALLDAL BYGDEKVINNELAG kl. 18 tysdag 15.oktober 2019. 28 møtte.
Leiar Solveig Linge Stakkestad ynskte velkomen, og vi starta opp med ”Samlesong ” av Marta Scumann. Så las Solveig diktet ”Så lett å sjå” og formålsparagrafen til NBK. Spesielt inviterte gjestar var Ellen Krageberg NBKleiar og to frå Stranda Bygdekvinnelag.
ÅRSMØTESAKER Sak 1 Konstituering
Innkalling og sakliste – godkjende utan merknad. Møteleiar – framlegg om Mette N. Valdal – samrøystes vald. Skrivar – framlegg om Sunneva Linge – samrøystes vald. To til å skrive under møteboka – framlegg om Else Rødal og Wenke Sylju– samrøystes valde.
Sak 2 Årsmelding ved Solveig Linge Stakkestad Las også etiske retningslinjer frå NBK. Årsmeldinga godkjend utan merknad.
Sak 3 Rekneskap ved Nelly Ytterli
Inntekt kr. 161048,45. Utgifter kr. 162095,41.Salma sum i banken kr.254121,65. Sansehagen har kr.3786,20 på konto, Fredagskafe kr 1090. Boksal kr 27950. Grasrotandel kr 4500. Momskompensasjon kr 5066 . Kulturmidlar kr 2000. Rekneskapen godkjend med eit spørsmål om meirforbruket på kr.1046,96
Sak 4 Framlegg til arbeidsplan 2020 ved Solveig Linge Stakkestad. Sjå vedlegg.
Skriv om Retningslinjer for sponsing/medlemsstøtte. Sjå vedlegg. Skriv om Retningslinjer for aktivitetsgruppa/styret. Sjå vedlegg.
Sak 5 Framlegg om budsjett 2020 ved Nelly Ytterli . Sjå vedlegg.
Lokallagskontigent blir framleis kr 0. Orientering om fordelar for NBK-medlemer.
Sak 6 Sak frå styret og innlegg frå salen:
*Aktivitetsgruppa får kr 2500 til disponering. Samrøystes vedtak. *Saker VBK kan hjelpe til med: Marit Pritchard - bordtennisbord, spel.
VAL ved Turid Aspehjell frå valnemnda. Styre Solveig Linge Stakkestad leiar 2019 – 2020 attval
Nelly Ytterli 2018 – 2020 ikkje på val. Mette Marie Døving 2018 – 2020 ikkje på val Bjørg Sætren Kleppe 2019 – 2021 attval Elin B. Smoge 2019 – 2021 ny
1. vara Sunneva Linge 2019 – 2020 attval 2.vara Eva Bergdahl Muribø 2019 – 2020 attval 3.vara Mette Natland Valdal 2019 – 2020 attval 4.vara Else Rødal 2019 – 2020 attval
Kaffegruppe: Vigdis D. Mork, Eva Hanssen, Liv Eldri Båtnes, May Berli, Inger Sissel Berdal, Bodil Døving, Inger Lise Hjelle. 2019 - 2020
Tur og aktivitetsgruppe: Brita M. Relling, Kristin O. Alstadsæter, Mette N. Valdal, Wenke Sylju. 2019 -2020.
Heimeside: Judith Krogh 2019- 2020
Sansehagen: Judith Krogh, Else Rødal 2019 – 2020
”Syng med oss”: Astrid Bakke Andersen 2019 – 2020
Nyføddgåve: Randi Hole Heggen, Eva Hanssen 2019 – 2020
Revisorar: Kristin V. Hjelme, Mette N. Valdal 2019 – 2020
Valnemnd: Kristin O. Alstadsæter 2017 – 2020 Turid Aspehjell 2018 – 2021 Signe Brenna 2019 – 2022
Orientering om godtgjersle Leiar kr 2000, nestleiar, kasserar, skrivar kr 1500, andre styremedlemer +1.vara som møter fast kr 1000. 2., 3. og 4. vara får kr. 100 kvar gong dei blir innkalla.
MAT Etter eit bordvers var vi snøgt på plass ved buffeen. Åse Erstad hadde sett fram brødmat med mykje godt pålegg til. Alt smakte svært godt.
NBK-leiar Ellen Krageberg: NBK har 12000 medlemer og 420 lokallag.Kornneket i NBK-logoen minner om at eit aks åleine er veikare enn mange som står saman i eit kornnek. Vi står også sterkare når vi er mange i eit bygdefellesskap. 15. oktober er den internasjonale bygdekvinnedagen. Årsmøtet vårt traff rett dato! Nasjonal påverknad – vi vil ha trygg norsk mat, vi er avhengig av bøndene. Forvalte kulturarven – bevare og forvalte immatriellkulturarv, rådgjevar for UNESCO, bruke , vidareformidle og samle inn kunnskap. Kva kulturarven kan gje oss –m.a. identitet, røter, kjærleik til historia, berekraft. www.norsktradisjonsmat.no for alle nbk-medlemer og alle andre interesserte. Organisasjonsskulen – kurs for lokallag. Nytt medlemsregister frå 1.januar, nytt studieforbund. Verving viktig , ulike måtar – du og eg, målretta verving i laget, aktive lokallag. FRAMLEGG frå salen om at NBK tek opp temaet Frivilligsentralane . Dei er viktige støttespelarar på bygdene.
Åresal og trekning var ein viktig post på programmet. Det var mykje fint å vinne, m.a. mange lokale matgevinstar.Til sist var det takk for no og vel heim, og årsmøtet var over.
Sunneva Linge skrivar