BYGDEKVINNESTREIFEN PÅ STORD

REFERAT FRÅ BYGDEKVINNESTREIFEN PÅ STORD

REFERAT:

21.SEPTEMBER, BYGDEKVINNESTREIF PÅ STORD 

STED: Utbygda Grendahus, Trodlahaugen 2, Stord

Kl.10.30-15.00

 

Me vart ynskt velkomen av Rigmor Vikane, leiar i Stord Bygdekvinnelag.   Ho snakka om innvandrarkvinner som dei på Stord har hatt samarbeid med og leste eit dikt av ei innvandrarkvinna.

Àsa Gunnarsdottir leiar i Hordaland Bygdekvinnelag snakka om dagens tema og ”KvinnerUT”.  Alle lokallaga som var mødt opp reiste seg og presenterte seg. Det var iallfall 10 lag som var mødt opp.  Og nokon fortalde om kva erfaring dei har med temaet og også vart det fortald litt frå anna arbeid på laga.

Rigmor fortalde om kva Stord Bkl har arbeidt med i ”KvinnerUT” dei siste åra . 

Dei har invitert dei med å laga julekaker,  laga syltetøy. Det er når dei lagar mat at det møter mange opp.

Dei har også laga til turar ute i skog og mark og det er ny oppleving for mange av innvandrar kvinnene.  Ho fortalde også at dei set stor pris på å få koma inn i norske heim.

 

Internasjonal Kulturklubb v/Sigrid Røsseland og Jill Reed. 

Klubbens formål er først og fremst respekt for alle nasjonalitetar, religionar og raser.  Dei spør også: Korleis fan vi få folk med?

Gjennom internasjonalt matkurs og kafe, dei har også ulike aktivitetar for borna.  

IKK jobbar mot felles prosjekt, med lokale grupper og klubber.  

Dei har internasjonale festival.   Og dei minner oss på at fremmede er venner som vi ikkje ennå har møtt. 

Internasjonal Kulturklubb på Stord inviterer alle på Stord som arbeider med integrering og Stord kommune på samling 16.november for å sjå saman på kva dei ynskje å gjera for betre integrering.

 

Grethe Brundtland viste klimafilm frå Malawi som utviklingsfondet har laga. Filmen er eit ledd i Utviklingsfondet sin informasjonskampanje om klima, ein kampanje som Norges Bygdekvinnelag, Norges Bygdeungdomslag og Norges Bondelag deltar i gjennomføringa av.  Grethe har nett vert i Guatemala og snakka om likhet og ulikhet mellom Malawi og Guatemala. I Guatemala bidrar Bygdekvinnelaget med kr.150 000 årleg til eit hjelpeprosjekt for kvinner. Hittil i år er det samla inn kr.130 000. 

 

Det vart servert nydeleg lammegryte laga på tyrkisk vis, med brød til.  På slutten av dagen serverte Stord Bygdekvinnelag også heimabaka kaker og kaffi. 

Det var ein kjekk dag med mange gode forteljingar og det er alltid kjekt å møtes over god kaffi.

Takk til Stord Bygdekvinnelag.

 

Referent Esther Falk og Àsa Gunnarsdottir

 

Bli medlem