Til kyrkjekaffi kom ca 30 personar . Kafegruppa i VBK hadde laga til kaker og rundstykker som sto klart då dei kom frå kyrkje.
Det var hausttakkefest i kyrkja denne sundagen, og utdeling av 2- og 4 årsbøker. Borna som kom på kyrkjekaffien syns det var kjekt å få både kaker og rundstykker etterpå . Det vart ei triveleg ettermiddagstund, og gode ord til kafegruppa i VBK som hadde ordna til kyrkjekaffien.