Leiar, Esther Falk innleia møtet på denne måten:
"Bygdekvinnelaga har heilt frå fyrste lag blei stifta i 1917, vore positive til at kulturen vår er i stadig utvikling, samtidig som ein har vore oppteken av å ta vare på dei gode tradisjonane og å vidareformidle den kunnskapen generasjonar før oss har bygd opp. Bygdekvinnelaga fokuserer på dei delane av kulturarven som tradisjonelt har vore forvalta av kvinner, som matkultur og handverkstradisjonar.
Måten bygdekvinnelaget jobbar med å vidareføre kulturarven, er å halde kurs, både matkurs og handverkskurs. Dette arbeidet har ført til at Norges Bygdekvinnelag no har status som rådgjevande organ for UNESCO når det gjeld immateriell kulturarv, på området mat.
Når det gjeld handverk har mykje av kunnskapen vore handboren kunnskap, det er lite skriftleg materiale. Omvikdalen Bygdekvinnelag ønskjer at kunnskap om tilverking av kvinnheradsbunaden skal bli vidareført, og laget vil derfor gje ut bok om dette i haust. Boka vil bli presentert på Kvinnherad bibliotek den 7.november."
I løpet av arrangementet fekk dei frammøte moglegheit til å ta del i temaa tradisjonsmat og bunadstilverking. Her fekk dei sjå demonstrasjon av både kvitsaum, veving av kvardingar og bregding av sokkaband til kvinnheradsbunaden. På matfronten fekk dei demonstrert steiking av mjølkekaker, og for dei som ville smaka på den gode maten kunne kjøpa seg både rjomegraut og mjølkekaker.
Bileter: Grethe Brundtland.