Utetur langs elvaveien/Mannsåker i Odda

Tysdag 12. juni var Skare Bygdekvinnelag på tur. Ti av medlemmene møttes i Skarsmo og drog så til Odda. Vi parkerte bilane på Almerket og starta gåturen ved Gategrillen. Det er rydda til ein flott vandrevei langs elva Opo etter storflaumen i 2014. For nokre av oss var det fyrste gongen med gjekk turen.  Det var fint turver og ein flott tur opp dalen til Vasstun- Det er gjort eit imponerande arbeid langs elva.  Litt spesielt å sjå endringane etter flaumen.Ved Vasstun runda me og gjekk ned att mot sentrum over Mannsåker. Det er høgt og  fint å sjå sentrum ovantil. Gardane og husa nedover Mannsåker låg velstelte og fine.  Hjøllo er særs vakkert- Attende i Odda sentrum gjekk me på kafe og nytte god og velfortent pizza og anna . Praten gjekk rundt borda og me var veldig einige om at turen og dagen var særs vellukka.

Bli medlem