Bygdekvinneprisen er ein pris på 40 000,- kroner som kan nyttast til alt frå arbeid for kulturlivet og sosiale møtestader i bygda til tiltak som bidreg til nye arbeidsplassar.
- Bygdekvinneprisen "Kjerringa mot strømmen" skal anerkjenne, synleggjere og støtte kvinner som gjer ein ekstra innsats for aktive bygdemiljø og levande bygder, seier nestleiar i Norges Bygdekvinnelag Liv Grøtte.
Utdeling av Bygdekvinneprisen 2020 vert under Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte i Bergen 5.-6. juni 2020.

Karoline Sunde Storflor var den glade vinnar av Bygdekvinneprisen i 2019. Hennar arbeid for å skape sin eigen arbeidsplass på garden med direktesal av melk, opne arrangement og
sosiale møteplassar imponerte både utdelarane Anita Krohn traaseth, Ellen Krageberg og deltakarane på inspirasjonsseminaret. Foto: Bygdekvinnelaget/Helle Berger.
Send inn forslag
Norges Bygdekvinnelag ser etter nokon som gjer ein ekstra innsats for å få ei levande bygd. Kanskje er du sjølv ein verdig kandidat. Det er òg lov å sende inn forslag på seg sjølv. Send forslag på kandidatar du meiner fortener ein slik pris til Norges Bygdekvinnelag på e-post til post@bygdekvinnelaget.no eller i posten til Norges Bygdekvinnelag, PB. 9358 Grønland, 0135 Oslo.
Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle til å nominere kvinnelege kandidatar til Bygdekvinneprisen. Frist 15. april 2020!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Norges Bygdekvinnelag på telefon 220 54 815 eller e-post post@bygdekvinnelaget.no.

