Sommarvarmen let venta på seg, men bygdekvinnene sende ein open invitasjon til medlemmane om sommaravslutning der dei gjerne måtte ta med ei venninne, ein mann, ein nabo eller nokon ein ville bli betre kjend med!
Det vart sol og varmt. Det kom både kvinner og menn, sjølv om ein kom litt for seint til å vera med på biletet. Det vart ein fin ettermiddag med god mat, godt selskap og god drøs. Og to kvinner vil melda seg inn i Sirdal bygdekvinnelag!
NYT SOMMAREN!