Det blei ein flott 17.mai for oss alle. Sola skinte og alle var blide.
Det er 7.klasse (avgangsklassen) sammen med foreldre, besteforeldre, som kvart år lager i stand til den store dagen. Dei ønska oss velkomen og fortalte om tida si her på Skare Skule.
Då me ikkje hadde musikklag her i år, hadde 7.klasse øva seg på trommer og hjalp oss og halda takten i toget. Dei var flinke!
Middag, kaker, is og pølser gjekk unna. Leikar som pilkasting, skyting, hesteskokasting, gjettekonkurranser er mange flittige til å delta på.
Flott underholdning med elevane på skulen som danser og synger. I siste dans følger også russen og andre med på smurfedansen. Dei laga og liv i toget, og laga ei strofe om Skare Bygdekvinnelag.