Ikkje visste me kva me gjekk til, men takk for invitasjonen og ein svært triveleg kveld!
Leiaren i Lund bygdekvinnelag orienterte om prosjektet "Bygdekvinner og matglede" som Rogaland bygdekvinnelag har sett i gang, og Lund BK serverte mykje velsmakande "gammel mat i ny drakt". Her fekk me både "vanleg" ertesuppe og ein vegetarvariant, graut av semulegryn, bygg og havre, havrekjeks, heimelaga knekkebrød og både rabarbra- og plommegraut. Ingen gjekk svoltne frå Hovstun den kvelden.
Det vart ein triveleg kveld med drøs og erfaringsutveksling mellom Lund, Helleland, Gjesdal og Sirdal, som vart avslutta, tradisjonen tru i bygdekvinnelaga, med loddsal.