Me var samla på Liatoppen fjellstue laurdag 9. mars 2019 for å feire ein aktiv og sprek 70 åring, Votndalen Bygdekvinnelag. GRATULERER til alle flotte medlemmar! Det var superflott underhaldning med operasongar Marit Sehl. Det vart vist lysbilete frå dei ti siste åra i laget, og eg må sei eg er storleg imponert over aktiviteten i laget. Dette er ståpåkvinner! Hald fram, lykke til vidare:-)
Votndalen BK er eit aktivt lag som gler mange i bygdesamfunnet. Matmessa på Votnahall før jul er eit stort arrangement. Bygdekvinner står på og bakar mengder av god tradisjonell julebakst. Dei samarbeider også med andre lokalmatprodusentar. Så på denne messa kan du handle inn til jul, og du kan kose deg med kaffi og god bakst i lag med gode bygdefolk. Jonsokfeiring på Lya er populær, vassgrautkoking og god stemning på Åldagen er viktig. Her er kort nemnt berre få av dei store oppgåvene laget tek ansvar for. Takk for at eg frå BBK fekk vera med å feire eit så godt lag. Inger Margrethe
Namn for fellesbilete: Fyrste rad frå venstre: Ågot Skrindo, Guri Espegard, Ruth Trintrud, Marit Teigen, Gerd Halvorsgard, Ingrid Sørbøen og Lisbeth Holo-Lund Vidme
Ståande (midtrad) frå venstre: Ordførar Solveig Vestenfor, Randi Kvelprud Stein, Susanna Aschehoug, Reidun Tveito, Gunn Reidun Hov, Astrid Arnegard, Toril Thronæs Hågård, Gro Stave Holeplass, Inger Karin Bøygard, Solveig Stølen og BBK representant Inger Margrethe Medhus.
Bakert frå venstre: Gunhild Oppsato, operasongar Marit Sehl, Annlaug Tveito, Kristin Trintrud, Ann Holm, Oddveig Tveitehaug, Sigrun Gjerden, Sigrid Guri Roen, Sigrun Johnsrud og Solveig Arnegard