I dag, torsdag 24. januar hadde vi første Syng med oss i 2019. Astrid Bakke Andersen var dessverre sjuk, men Vigdis og Judith prøvde seg som forsangarar og konferansier.
Det kom mykje folk på stova, - kjekt også med fleire av personale og pårørande som hjelpte oss med synginga. - Vi såg at folk kosa seg med musikken og songen!
Marianne var som vanleg stødig med trekkspelet, og hadde også to soloøkter. - Dette var kjekt, - det må ikkje gå lenge til neste gong !