Som tidlegare fylkesleiar ( 1987 - 1992) er eg blitt invitert til å sende ei jule- og nyttårs helsing til dykk. Og det gjer eg med glede!
Det er veldig bra at vi har både eit aktivt fylkesstyre og mange aktive lokallag også i vårt fylke.
Det treng landet vårt for å take vare på bygdene sine interesser og eksistens. Og også i desse tider m.a. bevisstgjering om både privat og norsk matvareberedskap. STÅ PÅ!
Snart er det jul og vi skal både feire og minnast, slik det står i julesongen, at eit barn er fødd i Betlehem. Julefeiring er ein fin tradisjon.
Ønskjer dykk alle ei god og roleg julehøgtid og eit riktig godt nytt år !!
Helsing Brit Halkjelsvik Friisvold