Suldalslefser var det søster til mor som tok seg av. Oletta Roalkvam var viden kjend for dei gode lefsene sine.
Oppskrifta frå mor
Oppskrifta hadde ho etter mor si som var fødd i 1885. Kor besta hadde fått oppskrifta frå er der ingen som veit, men for ei tid tilbake fekk eg eit utdrag frå ei vise. Der vart det stilt spørsmål «om der ikkje var jenter i Suldal, sidan suldalsgutane kom til Vinje og fôr med jentene deira.»
Lefse på frierferd
For fem år sidan var eg i Vinje og kom i snakk med ei eldre dame. Det vart lefseprat. Ho kalla det Kling, me kallar det Suldalslefse, men oppskriftene var nesten identiske. Har ungkonene frå Vinje som kom til Suldal fått oppskrifta her i dalen og teke den med seg på ein heimtur til Vinje eller hadde dei oppskrifta med seg i forklelomma då dei flytte til Suldal? Det er ingenting å diskutera, men me to som treftest i Vinje var einige om at lefsene våre vart uvanleg gode.
Attskapa lefsa
Når tante Oletta kom til oss og skulle baka Suldalslefser til jul hadde ho ikkje oppskrift, men ho tok utgangspunkt i ein liter mjølk og rundt ein kopp smør. Dette kokte ho opp og slo det kokande over kveitemjølet. I mjølet hadde ho tilsett ein liten neve med sukker. Når ho slo den kokande mjølke-/smørblandinga over mjølet, så skolda ho mjølet og aktiverte glutenet i kveitemjølet. Dette med mjøl til passe deig var uaktuelt her, men Oletta hadde det så i hendene at det passa akkurat. Det var fantastisk å sjå på. For meg som ikkje hadde det «i hendene» var det berre ein ting å gjera. Eg tok med meg uopna pakker med kveitemjøl, smør og sukker. Eg fekk Oletta til å lage deigen, og fôr heim og vog resten som var att. Ut i frå det kunne eg lage ei nøyaktig oppskrift.
Oppskrifta på Suldalslefse er over 100 år og er ei viktig brikke i matkulturen vår. Difor deler eg den gjerne.
Venleg helsing, Inger Apeland, Suldalsosen.