Mette Marie si oppskrift på tjukklefser.
Det finnest eit utall med oppskrifter på tjukklefser.
Oppskrifta som eg brukte den dagen heiter faktisk "Tynnkaku" og kjem frå Dovre.
Vi vil vel helst kalle det tjukklefse, el Nordlandslefse har vel også vore bruket her på denne typen lefser.
1l kefir/surmjelk
400 gr sukker
2 ts natron
2 ts hjortesalt
400gr smelta smør
8 ts bakepulver
Ca 1.3 kg kveitemjøl
Bland det tørre med det meste av kveitemjølet, ha i surmjelk og smelta smør. Kveitemjøl til passe deig, ikkje klissete, men heller ikkje for fast.
Kan bake ut stor leiv, 0.5-1cm tjukk, stikke ut små kaker men feks ein norgesglass ring. Eller litt mindre leiar som ein steikje heile og deler etterpå.
Mange likar å smørje ferdige, dele i spissar og fryse. Lagar ein dei litt mindre er det vel greiast å fryse uten noko på. Dei tinar fort, ypperleg med smør og brunost!
Kan også lagrast litt i tett boks