I fjor søkte Valldal og Fjørå helselag Landforeningen for folkehelse og Sparebanken Møre om midler for å bygge ein paviljong i Sansehagen. Vi var heldige og fekk 55000 kr. ! Vi kjøpte byggesettet i fjor haust, men det vart for seint å sette i gang då,og Valldal Høvleri har vore velvillige og lagra dette på Grandane. Kommunen ville hjelpe til med fundament til bygget, og i byrjinga av juli vart dette klart. - Oddbjørn Kleppe var lett å be då han vart spurd om å vere byggeleiar, og han fekk med seg 3-4 frivillige . Dette var Einar Waldal, Knut Frostad, Magne Krogh og Johan Myklebust. - Vaktmeister Leif Ytterli kom også med gode råd når vi hadde behov for hjelp.
Vi håper dette kan bli ein plass å gå til, setje seg ned åleine eller saman med slekt og venner som er på besøk.
Seinare på sommaren eller hausten blir det målararbeid, og vi har planar om ein opningsfest !!