,Vergudane var heller ikkje denne gongen på vår side,- snø og sludd heile dagen gjorde at det var vått og slapseføre. Men 14 sprekingar våga seg ut og gjekk litt ulike løyper rundt på Sylte. Dei som ikkje hadde tette sko, vart nok våte på føtene, men humøret var på topp.
Til slutt kosa vi oss med god kveldsmat på Sylteormen bakeri.
Takk til dei som vart med, håper på fleire om ein månads tid.