Måndag 26.02.18 var det klart for ny Kveldstur og kveldsmat. Det hadde frose på og var litt glatt, men nokre få kuldegrader stoppa ikkje folk frå å kome seg ut av godstolen. 22 stykke la i veg,- opp til skulen, til Berdalsbrua og Bedringens veg heim att.
Då var det godt å kome inn til varmen på Sylteormen Bakeri og til Hillevi som hadde laga god kveldsmatbuffet. Praten gjekk livleg rundt borda, det var kjekt å møtast !
Neste gong om ein månad !