Leiar i Norges BYgdekvinnelag Ellen Krageberg oppfordrar lokallaga til å delta på markeringa av handle-lokalt dagen.
- På nærbutikken møter eg bygdefolket, seier Krageberg.
Her kan du sjå om nærbutikken din har meldt seg på markeringa: "Rekord-opslutnad om Handle-lokalt"
Møteplass
Nærbutikken spelar ei viktig rolle som møteplass i bygda. For mange er nærbutikken like viktig som skulen og barnehagen. Det er på butikken du regelmessig slår av en prat med sambygdingane dine, og for dei aller fleste er nærbutikken den aller viktigaste møteplassen mellom bygdefolket. Og, ein ser at mange nærbutikkar i dag spelar vidare på dette og lagar både cafe for bygdefolket, inviterar til kunstutstillingar og laurdagsfrukost.
- Mange nærbutikkar i distrikta satsar på sal av lokalprodusert mat noko vi synst er ei særs postiv utvikling, seier Krageberg.
Viktige tilleggstenester
Nærbutikken har viktige tilleggstenester som post, bank og apotek i butikk. Det er tenester som har stor tydning for alle, men ikkje minst for dei som ikke har tilgang på bil i et område med et dårlig utbygd kollektivtilbud.
Handle lokalt
Vi vil at alle skal handle mest mulig av matinnkjøpene i vår nærbutikk. Då er det mogeleg for butikken å oppretthalde eit bredt utval. Nærbutikken er avgjerande for å ha eit levande lokalsamfunn, og kan vere avgjerande for å hindre fråflytting.
Det beste ein kan gjere for å opprettholde nærbutikken er å bruke den.
- Då er du med på å sørgje for lokal handel og ei levande bygd, som nettopp det vi i Bygdekvinnelaget jobbar for avsluttar Ellen.