Tekst: Gudrun Hefte. Foto: Voss Sentrum, Gudrun Hefte, Eldbjørg Farestveit. Redigert: Turid Domaas
Tekst: Gudrun Hefte. Foto: Voss Sentrum, Gudrun Hefte, Eldbjørg Farestveit. Redigert: Turid Domaas

Smalahovesleppet 2021

Flott laurdag på Smalahovesleppet 2021!

Mykje folk og mykje god mat og drikke i buene rundt om.

Kjekt at folk vil ha ekta norsk heimelaga mat!

Me merkar òg på bakekursa våre at folk mellom anna vil læra seg å laga flatbrød, krotakaker og vossakling.

I år trudde me at me hadde rikeleg av alt i salsboden vår, - men der tok me feil. Det einaste me sat att med, var nokre få blodpannekaker, som me hadde tredobla mengda av frå i fjor!

Mange fortalde at: "No skal eg heim og koka meg kaffi og kosa meg!"

        

                    

 

 

Oppskrift på Voss Bygdekvinnelag sine blodpannekaker
1 l blod (me brukar griseblod, men lammablod kan òg brukast)
1 l H-mjølk
1 l vatn
1/2 boks ljos sirup
ca 300 g byggmjøl
ca 7-800 g kveitemjøl
2 ss salt
2 ss sukker
2 ts allehånde
2 ts nellik
3 ts kanel

__________

Dette vert ca 50 kaker.

LUKKE TIL!

Bli medlem