Møte på Tvildemoen torsdag 7. april kl 19.00.

Laila Rynning Veum vitjar Voss Bygdekvinnelag med foredrag om Bergslikunstnarane og kunsten deira.

Ho vil snakka om oppveksten til Knud og Brynjulf på Bergslitræet og utdanninga dei fekk i utlandet. Vidare vil ho fortelja om livet som kunstnarar i Kristiania, og den klassereisa dei gjorde frå husmannsplassen i Prestegardsmoen til inviterte gjester på Det Kongelege Slott.

Ho vil også snakka litt om Nils Bergslien, nevøen til Knud og Brynjulf, som var inspirert av begge onklane. Av hans kunst vil ho spesielt nemna folkelivsskildringane, Jolereia og «Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup monumentet». Ho vil også visa bilete av dei historiske måleria som Bergslistiftinga kjøpte i fjor, og seia noko om historikken til desse måleria.

Til slutt litt om planane vidare. Det blir høve til spørsmål.

Møte er på Tvildemoen. Alle er hjarteleg velkomne.

Hallbjørg Skjoldli Gjøstein, leiar VBK

Bli medlem