Bakekurs på Tvildemoen

For eit par veker sidan hadde Voss Bygdekvinnelag to kurs i baking av nekabrød og tillaging av kling.

Kursa vart haldne på kjøkenet til Vestnorsk Kulturakademi på Tvildemoen, der me har kjøkenutstyret vårt.

Damene som deltok, tyktest å vera vel nøgde med kurset. Ei fortalde om korleis det kom attende til ho kor gildt det hadde vore å baka ilag med besto i barndomen.

På bileta ser de nokre av kursdeltakarane, og instruktørane.


 

 

Vossakling

Når ein skal laga vossakling, startar ein med å laga nekabrød. Leivene ein kjevlar ut, steikast på takke på eine sida. Deretter penslast den andre sida med ei blanding av egg og mjølk, og steikast vidare på den sida.

Så lagar ein smyrja. Ei blanding av mjølk, prim, sirup og anna kokast opp og jamnast med mjøl. Blandinga avkjølast.

Nekabrødet bløytast, smyrjast, brettast og klyppast opp i høvelege bitar.

Bli medlem