DUGNAD PÅ VTS
Torsdag 7.05.21 hadde vi ein ryddedugnad i Sansehagen. Det har vore så kaldt, så påskeliljene står fine i krukkene og kan stå over 17. mai. Elles er det tulipanar og liljer som snart står i full blomst både i hagen og på framsida av Heimen.
Det var kort varsel på dugnaden, men godt frammøte! - Ca 10 damer i sin beste alder!
Turid Svarstad heldt oss med prat og selskap frå verandaen. Og ho hadde kjøpt inn kanelnurrar og fekk laga kaffi til oss! Tusen takk!