Ole Vikenes skjer opp nydeleg indrefilet av kortreist storfe!
Ole Vikenes skjer opp nydeleg indrefilet av kortreist storfe!
Klart for forretten som var Claptonlaks!- Nydeleg!
Klart for forretten som var Claptonlaks!- Nydeleg!
Koseleg prat ved bordet.
Koseleg prat ved bordet.
Borda pynta med naturmateriale og levande lys!
Borda pynta med naturmateriale og levande lys!
Stor peis gjorde det varmt og godt i vikingstova. Dessutan ca 80 levande lys!
Stor peis gjorde det varmt og godt i vikingstova. Dessutan ca 80 levande lys!
Velsmakande biffgryte, marinert lammesteik, vikingkarbonadar, salat, ris, fløtegratinerte poteter, indrefilet av storfe som smelta i munnen!
Velsmakande biffgryte, marinert lammesteik, vikingkarbonadar, salat, ris, fløtegratinerte poteter, indrefilet av storfe som smelta i munnen!
Her er indrefileten som smelta i munnen! Nydeleg med tyttebær og fløtegratinerte poteter!
Her er indrefileten som smelta i munnen! Nydeleg med tyttebær og fløtegratinerte poteter!
Heimelaga karamellpudding høyrde med.
Heimelaga karamellpudding høyrde med.
Endeleg snø!!  - Vikinghuset i bakgrunnen.
Endeleg snø!! - Vikinghuset i bakgrunnen.
Blåtind på Stavseng med rikeleg snø.
Blåtind på Stavseng med rikeleg snø.
Smaksprøve av larvar som far Vikenes produserer i Stordal.
Smaksprøve av larvar som far Vikenes produserer i Stordal.

Vikinggilde på Blåtind.

Søndag 23. februar arrangerte Vbk søndagsmiddag der du kunne be med deg nokon. Vi var 22 svoltne personar som kom køyrande til Blåtind i Stordal.  Der skulle vi på vikinggilde i Vikinghuset.
Ute snøa det godt, men inne var det fyr på peisen og 80 levande lys ( Liv Engeskaug talde!). Mørkt, men koseleg.
Vi vart ynskt velkommen av Ole Vikenes som driv Blåtind saman med kona Christine.  No har dei også kjøpt Petrines I Norddalen,som dei held på å pusse opp.
Han fortalde historia om ein gong musikaren Eric Clapton plutseleg stod i døra saman med Arne Næss jr. Dei ville fiske laks i elva, derfor har dei ein Claptonhøl i elva, og dei serverer Claptonlaks!
Elles fortalde han levande om faren som hadde hatt mange byggeprosjekt som Blåtind, Vikinghuset og serveringsplassen på Kokarsteinen. No har han starta produksjon av larvar som kan brukast til mat for folk og dyr.
Åse Ekroll tok utfordringa og tok ein smakebit!


Vi hadde ein triveleg søndagsmiddag med mykje god mat og gode historier. Og ute var det skikkeleg vinterstemning i skogen!

Bli medlem