Hei!
Er du glad i bygda di?
Valldal bygdekvinnelag er ein god møteplass og eit godt kvinnefellesskap.
Vi støttar gode tiltak og tek initiativ til aktivitetar. VBK gjer ein skilnad i bygda
I denne korona tida er det viktig at vi tek vare på kvarandre, ein telefon og ein prat er godt.
VBK har månadens dikt i SN –
VBK har plass til fleire tankar og idear-- blir DU med?
Helsing Solveig
Her kjem litt info frå hovudlaget:
Kjære alle lokal- og distriktslag i Norges Bygdekvinnelag!
Veke 5, 6 og 7 er Norges Bygdekvinnelag sine verveveker. Vi håpar alle laga i Bygdekvinnelaget vil delta i år òg - på tross av koronapandemien. Kanskje er det nettopp no det er hyggeleg å få ein telefon frå ei bygdesøster som spør om ein vil bli medlem? Kanskje er det no mange kjenner på at ein vil vere med i eit fellesskap. Inviter gjerne til ein aktivitet eller ei sosial samling som er tilpassa smitteverntiltaka i din kommune.
Aktivitetstips for å verve nye medlemmer:
Spør ein venn
Del minner i sosiale medier
Vis fram kva planar laget har framover (i alle fall kva ein har lyst til)
Inviter til kaffiprat på messenger
Ha eit lite digitalt arrangement
Gå tur
Inviter til bålprat
Lag ein lokal digital kampanje. Sjekk ut Råde Bygdekvinnelag sin kampanje frå 2019: https://bygdekvinnelaget.no/fylkeslag/ostfold-bygdekvinnelag/nyheter/ma-...