Flott at vi har mange som vatnar og steller litt!
Flott at vi har mange som vatnar og steller litt!

Vatningsliste og vatningsplan for Sansehagen 2021

Vaktliste for vatning på VTS - 2021

Veke            Ansvarleg

24                  Bjørg Sætren Kleppe

25                  Anne Nygård

26                  Elinor Ruset                     

27                  Vigdis D. Mork      

28                  Mette og Gunnar Valdal              

29                  Gerd Myren Hoel

30                  Nina Grøndahl                    

31                  Kjellaug Valdal

32                  Else Rødal

33                  Åse Ekrol               

34                  Inghild Lingaas                                  

35                  Mette Marie Døving

 

Byrg vatnar måndagane bortsett i veke 28,29,30 og 31.

– Fint om du kan sjå over hagen og vatne der det trengst, 2-3 gongar for veka.(obs om Byrg vatnar) No tidleg er det særleg jordbærpyramiden og plantane innved veggen som treng oftast vatn, til og med om det regnar!

Judith står ikkje på lista, men ser du at du ikkje rekk å sjekke ein dag, så bur eg nær og kan stikke nedom!          

Takk for at du gjer frivillig arbeid for sjukeheimen i Valldal!

Bytt med kvarandre ved behov, om det ikkje lykkast -   kontaktar du Elinor Ruset tlf.91837174 eller Judith Krogh tlf. 95856658

 

Huskeliste for vatninga i Sansehagen!  -  2021.

OBS! Byrg vil vatne måndagane bortsett frå i ferien veke 28,29,30 og 31.

1. Gamlebygget – inngang.  – Vatne krukke på trappa med georgine og stemorsblomster.  Kanne på trappa.

     Ekstra – Rosebedet - vatne dersom tid og slangen er fiksa.

2. Paviljongen og benk. – Finne vatningskanne og vatne 4 krukker.

3. Inngang ned mot barnehagen. Vatne 1 krukke.

     Sjølve hagen.

 - 2 vatningskanner, fint om dei blir fylte opp til slutt.

 - Slangen kan stillast framme med dusj eller meir stråle, og ein liten orange hendel for styrken. Still den på svakt ved dusjing av blomster og jordbær.

- Putekassa innerst i huken har litt utstyr som høyrer til Sansehagen.

4. Jordbærpyramiden. Treng mykje vatn sjølv om det har regna. Bruk gjerne slangen, men svakt trykk. Det går an å fylle vatn ned i hol på midten.

5. Ei verandakasse med nye jordbærplantar. – Treng sikkert ein del vatn.

6. Pallekarmbed. – Treng vatn viss det ikkje har regna. Særleg dei som har mykje blomster.

7. Tomat- og urtekrukke. – treng rikeleg med vatn.

8. Blomsterkrukkene. – kjenn om dei er tørre og treng vatn.

9. To små krukker til å ha på borda. - treng sikkert vatn.

10. Sjukeheimsinngangen – vatne 2 krukker med hortensia.  Spør om å få gå gjennom sjukeheimsgangen, viss ikkje gå rundt. ( står i skyggen og treng ikkje så mykje vatn)

   - Ekstra: bærbuskene i hagen kan få vatn om det er tørt og du har god tid! – Dei store rosebuskene ved veggen nedom slangeuttaket også.

Dersom du har tid og lyst kan visne blad og blomster fjernast. Skal prøve å finne ei bosskorg/bøtte.

Håper dette er greitt!

Viss du lurer på noko så ring Judith G Krogh tlf. 95856658 eller Elinor Ruset tlf.91837174

God vakt!

Bli medlem