I dag hadde Ellinor og eg ein minidugnad ved Sjukeheimen i Valldal. Vi fjerna gammal bar og lyng frå krukkene og planta nye vårblomar. Krukkene er plasserte ved hovudinngangen til Sjukeheimen, ved paviljongen og ved utgangsdøra mot barnehagen. På gamlebygget er det full rive- og byggeaktivitet, så der ventar vi med krukkeplanting, og ser om det blir ryddigare etter kvart.
Som de ser av bilda har vi kjøpt inn 3 solcellelampar som kan vere litt fine og gi lys i hagen om kveldane. Sola må vel kome fram litt av og til slik at dei blir lada!!