Øyhopping i Romsdal høyrdest spennande ut, og 8 kvinner frå Valldal Bygdekvinnelag melde seg på. 44 var med ialt.
Dei starta frå Valldal ca kl 12 fredag 23. 09.16, reiste til Brattvåg og tok ferje til Harøya. Då vart det ein kort biltur over til Finnøya, sette frå seg bilane der og tok båt til Ona. Der vart det god middag, omvisning , samrådingsmøte og god samtale med kvinner frå andre lag.
Laurdag vart det båttur over til Orten, omvisning på Steffogarden og god middag.
Deretter var det tid for heimreise. Båten var også ein tur innom Sandøy før ein kom tilbake til bilane på Finnøy. Ute i Øyriket er det ei stund mellom ferjeavgangane, så det vart litt venting. Men ein tok det med godt humør.