Kursleiar Nelly Ytterli og to av elevane! - Mette og Solveig!
Kursleiar Nelly Ytterli og to av elevane! - Mette og Solveig!
Huff då! - Læring gjer meister!
Huff då! - Læring gjer meister!
Nikka på besøk! - ho ser dårleg, men likte å vere med og kom med gode råd.
Nikka på besøk! - ho ser dårleg, men likte å vere med og kom med gode råd.
Flotte lefser, - Gerd og Eva Hilde i aksjon.
Flotte lefser, - Gerd og Eva Hilde i aksjon.
Utan mat og drikke ..... - Kjekt med pause.
Utan mat og drikke ..... - Kjekt med pause.

Tradisjonsmat - kurs i potetlefsebaking!

VBK hadde bakekurs i potetlefse.

Nikka  var med som tilskodar, ho likte både lukta og lyden av baksten. Gode råd fekk vi også av henne.

Det vart ein triveleg bakedag på skulekjøkkenet på Valldal skule.  Nelly Ytterli som er ein røynd potetlefsebakar,  hadde regien på dette. Ho hadde skrella mandelpotet, såkalla «bakemandel» frå Oppdal nesten heile gårdagen. «Bakemandel» på lefsefagspråket,  er store mandelpoteteter som  gjer at skrellearbeidet går raskare unna!

- Alle var ivrige etter å starte. Vi var 8 personar, og det lukta etter kvart svært godt på skulekjøkkenet. Eimen lokka også til seg bladfyken frå SN som kom og fekk sjå på tilstanden, og ta nokre bilete.

Nelly: Eg reinska Ca 15 kilo poteter. Kokte dei, stappa dei og dei gjekk i to omganger gjennom kverna. Eg kokte i fire omganger. Ein veldig flott gjeng som møtte på laurdag. Så det var ingen sak å lære frå seg.

Og når  godsakene var ferdige, og kjøkkenet reint  etter  arbeidsøkta, så var alle  vel nøgde når dei for heim att. Det blir mykje gode smakar rundt om av slike gode lefser!  

Tekst: Solveig Linge Stakkestad

Foto: Mette Marie Døving

Bli medlem