Tradisjonsmat Valldal bygdekvinnelag Valldal 31.mai 2017
Solveig Linge Stakkestad viste fram kokeboka DEN GODE SMAKEN som er utgitt av Møre og Romsdal bygdekvinnelag og handlar om bygdekvinner, mat og matkultur frå Møre og Romsdal. Solveig snakka og om tradisjonar som er i endring til ei kvar tid og at det er bra. Det gir eit mangfald. Det å ete i lag, nytte det same dekketøyet og ha faste rituala gir oss noko nært, kjært og trygt.
Ho framheva den nordiske maten med gode råvarer som vi bør vere stolt av og bruke det.
Vi har eit kjøkken i Norge som kan måle seg med det beste i verda. Vi bør bruke norske namn og nytte norsk mat til gjestar og turistar.
Det er oppretta ein database: norsktradisjonsmat.no.
Det var ein engasjert gjeng med damer som kom med mange ulike forslag og tankar om kva dei opplevde som tradisjonsmat. Kva som er tradisjonsmat er i stor grad avhengig av kva du har vakse opp og kvar foreldra dine kjem frå. Lokalavisa Storfjordnytt ved Britt Ingunn var og med. Ho lagde ein reportasje frå kvelden.
Forslag:
· Spekesild med kålstuing, raudbetar og nypotetar.
-sild og potet var grunnpilar i kosthaldet for nokon generasjonar sidan
· Fiskegrateng og plukkfisk
· Kjøttkaker, kjøttsuppe og brennsnut
· Bygg-gryn-til graut og suppe
· Elgsuppe……Skrell
· Blodmat og romjegraqut
· Ball
· Sveler
· Sagopudding
Det ble servert graut og vaffel. For mange ein uvanleg kombinasjon, for andre ein tradisjon.
For ein hedmarking som aldri har smakt noko liknande var det ei fantastisk smaksoppleving.
Tusen takk til Nelly J
Bjørg Sætren Kleppe, nestleiar