Fredag 22.10.21 var det Syng med oss på Valldal Sjukeheim. Det var Astrid, Vesla, Bodil og Vigdis som var forsangarar. Dei hadde først ei sangstund, og så fekk Kulturskulen sleppe til med fine prestasjonar.
Deretter vart det meir sang, og her fekk ein synge med som best ein kunne. Kjekt at det no også var opna opp etter Koronaen slik at dei frå gamlebygget fekk vere med.
Tusen takk til Kulturskulen som sørga for både akkopagnement og soloframføringar, og til Astrid Bakke Andersen og medhjelparar!