Det var fullt på alle stolar og blide fjes å sjå. Astrid leia songen og Marianne akkompangerte på trekkspel. Ho spelte også nokre musikkstykke åleine. Og då det kom ein fengande vals eller to var det nokre som trødde dansen!
Dei kosa seg såg det ut til, både dei som dansa og dei som såg på !
Arrangør var som vanleg Valldal Bygdekvinnelag og Den kulturelle spaserstokk, organisert av Frivilligsentralen.