Super sommaravslutning i hagen på Fjellro i kveld!
Varmt og fint, vi måtte gøyme oss bak parasollane! - Solveig ynskte velkommen, og song av Ylva og Lilly var først på programmet. Dei song vakkert 3 nyare engelske songar.
Tid for mat, - og vi fekk Shepards pie etter gamal Mikeoppskrift. Det smakte nydeleg!! - Etterpå vart det kaffi og eit stort eplekakestykke og is. Nam, nam!
Og det vart Quiz!!
Vi var berre 12 stk, 2 bord og to lag. Vi samarbeida godt, streva litt med tredje største øy, elv osv. Og dei langerhanske øyer! Men vi lærte litt, - kanskje...
Så kom overraskelsen, - vi fekk sang med gitarakkompagnement av Alfred Nilsen! Han sang sjølvlaga tekster som var verkeleg gode og rørte oss!!
Tusen takk til komiteen som arrangerte dette for oss, vi kosa oss og ynskjer alle
GOD SOMMAR!!