Mange frivillige i aksjon.
Mange frivillige i aksjon.
Blomsterpyramide og rosebed.
Blomsterpyramide og rosebed.
Humøret på topp.
Humøret på topp.
Fine tulipanar.
Fine tulipanar.
Så fint det blir !
Så fint det blir !
Flotte liljer i blomst .
Flotte liljer i blomst .
Blomsterkassene blir klare.
Blomsterkassene blir klare.
Det smakar godt med ein kaffi og litt prat attpå !
Det smakar godt med ein kaffi og litt prat attpå !

Prosjekt Sansehage

Sansehagen ved sjukeheimen .

No er det snart full sommar ute, og Arbeidsgruppa for Sansehagen har arrangert to dugnadar for å stelle etter vinteren og for å plante nytt til sommaren.

Vi var 18 frammøtte  som rydda til 17. mai, og det var nok å gjere for alle. Heldigvis såg vi at løkane vi sette ned i haust blomstra flott,- masse liljer og tulipanar i fine fargar.

Vi håper at hagen skal inspirere til meir uteaktivitet. Derfor starta vi dugnaden i juni med kaffistund ute saman med bebuarane. Etter kvart dukka fleire og fleire opp, slik at vi vart to fulle bord til slutt. Det var kjekt å prate i lag, og dei såg på at vi starta med planting og rydding.

Denne dagen var vi berre 8 som jobba, heldigvis eit par sterke karar som tok litt tunge tak. Mellom anna spadde dei opp ein liten bringebæråker, men der blir vel ikkje bær før neste år.

Men jordbærpyramiden ser fin ut, bærtrea er små ennå, men litt bær blir der å finne, og no er også tomatane komne på plass.

Kommunen skal finansiere ny markise og også sette opp eit gjerde. Sansehagegruppa skal no starte planlegginga av ein paviljong som skal settast opp i hagen.

Målet med hagen er at dei som bur der skal få ein fin og koseleg plass å vere på, og at dei kanskje kan vere litt aktive med vatning og stell. Dei tilsette prøver å hjelpe til med dette, men det er flott om også pårørande som er på besøk kan sjå på dette som sin hage og hjelpe til om det trengst, – og sjølvsagt smake på tomatar og bær når dei blir modne.

Mange frivillige har gjort ein innsats så langt, men vi er også avhengige av at nokon vil vere minigartner i sommar og sjå til at vatning og litt stell vert gjort. Vi sette opp lister i fjor, og fekk det til å gå rundt. Men kan du tenkje deg å gjere ein innsats ( ei veke ?), så er det berre å ta kontakt med meg eller Frivilligsentralen.

Takk for all frivillig hjelp så langt, og god sommar til alle !

Helsing frå Samarbeidsgruppa for Sansehage

                     Judith G. Krogh

 

 

 

Bli medlem