Jubilanten, Liv, feira med blomar og kake!
Jubilanten, Liv, feira med blomar og kake!
Godt å varme seg på Ungdomshuset.
Godt å varme seg på Ungdomshuset.
Mette Marie serverte nydeleg kjøtsuppe.
Mette Marie serverte nydeleg kjøtsuppe.
Snøkave på turen, så her er mønster av skorne!
Snøkave på turen, så her er mønster av skorne!

Medlemstreff i mars.

 

Måndag 8. mars, på sjølvaste kvinnedagen, vart det medlemstreff i Fjørå. Oppmøte klokka 17 med turgåing.

Det hadde vore ein nydeleg dag, men vermeldinga slo til, skikkeleg snøkave vart det. Dei gjekk likevel ut til bålplassen ved sjøen og inn til Nerhus.Nelly var guide og fortalde kvar alle budde.

Inne på Ungdomshuset var det varmt og godt, og Mette Marie serverte nydeleg kjøtsuppe med flatbrød til. 

Kake vart det også, dei feira nemleg jubilanten, Liv Engeskaug, med blomar, dikthelsing og Kvæfjordkake! - Ein utruleg sprek 80-åring!

Elles var det kjekt å treffast og prate,- Solveig underheldt litt i anledning kvinnedagen, Bjørg hadde skrive forteljing om potetopptaking i barndommen, og Nelly hadde dikt og vits!

Ein svært kjekk kveld i lag! - Takk til Fjøringane som organiserte!

 

Bli medlem