Prosjektet har som mål å skape ein uformell arena for å fremje samhald gjennom aktivitetar,- å leggje til rette for å bli betre kjend med natur og friluftsliv og få fleire arenaer for kultur og språkutveksling.
Måndag 29. januar var oppstart, og gleda var stor då over 30 glade turgåarar møtte opp ! Det vart gått ein kort og ein litt lengre tur , og så møttest alle til kveldsmat på Sylteormen Bakeri. Hillevi diska opp med god og variert mat, og alle såg ut til å kose seg.
NRK hadde også oppdaga kva som gjekk føre seg i Valldal denne kvelden, så dei kom på besøk og vart med på tur og mat. Flott !! Kanskje kjem innslaget på Norge Rundt ?
Fint at dette vart vellukka, - møt opp neste gong, måndag 26. februar 2018