Torsdag 27. mai kl 17 møtte 7 spente damer i sin beste alder opp på Jamtegard Feriesenter. Richard Moen skulle lære oss frisbeegolf! - Han viste oss diskar av ulikt slag med fine namn og eigenskapar. Så kunne vi kaste forehand og backhand. Særleg backhand var vanskeleg for dei med artrose og diversre leddproblem.
Men etter litt øving på fotballbana, starta vi mot første korg. Trur avstanden var 85 m, det var om å gjere å bruke færrast kast for å nå korga. Men vi kom litt ut av teljinga, så vi tok heller førstemann!
Det vart gode kast, lange kast, korte kast, sidelengs, bak bossdunkane, oppi trea og litt av kvart. Mykje god latter!
Vi fekk Richard til å vise oss korleis det egentlig kunne gjerast, og det var imponerande!
Men no kan vi dette, litt iallfall. Vi kan ta ein tur med venner og familie, disk kan ein leige eller kjøpe på campingplassen.
Det kom ikkje så mange fleire til medlemsmøtet, så vi kosa oss med varme frå bålpanna og fekk servert pølse og nydeleg rabarbrapai og is. Koseleg prat rundt borda, men vi slutta ganske raskt då det vart kjøleg.
Tusen takk for dei som laga det hyggeleg for oss!