Mange som kosa seg med kaker, baking, kjøp og lotteri!
Mange som kosa seg med kaker, baking, kjøp og lotteri!
Spennande med litt baking !
Spennande med litt baking !
Tjukklefsene smakte godt med smør, sukker og kanel.
Tjukklefsene smakte godt med smør, sukker og kanel.
Du fekk smørje sjølv, så mykje du ville!
Du fekk smørje sjølv, så mykje du ville!
Vanskeleg å få rund eller ?
Vanskeleg å få rund eller ?
May og Karin viser fram litt av varene i salslokala.Mykje fint!
May og Karin viser fram litt av varene i salslokala.Mykje fint!
Litt avslapping etter akivitetane.
Litt avslapping etter akivitetane.
Beltemakar og strikkersker i full sving.
Beltemakar og strikkersker i full sving.
Her blir det gjort klart til aktivitet.
Her blir det gjort klart til aktivitet.

Kulturminnedagen 2018

Laurdag 8. september, kl. 11 - 16, var det stor aktivitet på Husflidshjørnet i Valldal.

Norddal husflidslag og Valldal Bygdekvinnelag gjekk saman om eit arrangement.  Husflidslaget viste viste fram ulike handverksteknikkar og hadde mykje fin husflid til sals og lotteri !

Bygdekvinnelaget hadde sal av tradisjonskaker og kaffi, og ein fekk prøve å bake tjukklefse!  - Eller ein kunne berre kjøpe og smake. Mette Marie Døving hadde laga ein deig som var god både å smake og bake !

Tjukklefser eller tynnkaku

Mette Marie si oppskrift på tjukklefser.

Det finnest eit utall med oppskrifter på tjukklefser.

Oppskrifta som eg brukte den dagen heiter faktisk "Tynnkaku" og kjem frå Dovre. 

Vi vil vel helst kalle det tjukklefse, el Nordlandslefse har vel også vore bruket her på denne typen lefser.

1l kefir/surmjelk

400 gr sukker

2 ts natron

2 ts hjortesalt

400gr smelta smør

8 ts bakepulver

Ca 1.3 kg kveitemjøl

Bland det tørre med det meste av kveitemjølet, ha i surmjelk og smelta smør. Kveitemjøl til passe deig, ikkje klissete, men heller ikkje for fast.

Kan bake ut stor leiv, 0.5-1cm tjukk, stikke ut små kaker men feks ein norgesglass ring. Eller litt mindre leiar som ein steikje heile og deler etterpå.

Mange likar å smørje ferdige, dele i spissar og fryse. Lagar ein dei litt mindre er det vel greiast å fryse uten noko på. Dei tinar fort, ypperleg med smør og brunost!

Kan også lagrast litt i tett boks

Bli medlem