Laurdag 4. januar arrangerte Valldal Bygdekvinnelag Julelag på Valldal Omsorgsbustad.
Det var ein triveleg fest med omlag 40 frammøtte. Mette Valdal leia programmet med stødig hand. Valldal spelmannslag stilte med 3 mann som underheldt med flott spel og spelte også til julesongane. Astrid og Vesla leia allsongen som vanleg! Bjørg las eit stykke av Alf Prøysen, - det har blitt tradisjon! Åresalet gjekk også unna, sjølv om ikkje alle hadde fått med seg dette og derfor mangla pengar.
Det vart rikeleg kaker,så det som vart att vart gitt til dei to andre avdelingane og personalet.
Flott innsats av aktivitetsgruppa!
Foto: Elisabet Golten.
Tekst ( redigert): Brita Melchior