Takkehelsing frå leiaren vår Solveig Linge Stakkestad:
Gode VBK-damer!
Hausten har vore fin og er det framleis.
Det har vore mykje arbeid for mange med å gjere ferdig Marin Linge-huset. Men så har kommunen ein flott samlingsplass for innbyggjarane i alle aldrar.
Det kan vi gle oss over.
VBK vart spurd om å ha ansvar for arbeidet med mat/innkjøp/servering og organisering av dette.
Eg gled meg også over at det var så mykje godvilje frå medlemane når det gjeldt å stille opp både på opninga og på storstovefesten.
Mange var også med på dugnad i forkant og med å bake.
Men eg set pris på at dykk er ærlege og seier ifrå når det ikkje passar----
Eg tenkjer at det vart vel mykje på laget vårt, men det var godt å ta eit tak når vi vart spurd om dette.
Dette var ein dugnad der alle frivillige lag vart spurd om å vere med.
I tillegg så kom kyrkjekaffien på same helga, så det var litt mykje på same tid for nokre!
Eg vil gjerne takke alle for innsatsen dei gjorde i samband med dette! Dokke er supre og rause damer!