Denne gongen var det rydding av blomster og bed, planting av litt sommarblomster, og ikkje minst : fjerning av skvalderkål !! Det er kjekt å sjå at jordbærpyramiden har blitt fin med mykje bær som begynner å få farge,tomatplantane har stadig nye småtomater, staudene har vakse fint og bærbuskene har litt meir avling enn før om åra. Håper veret blir slik framover at mange er ute og kan nyte bær og blomsterduft !
Frivilligsentralen har sett opp liste over dei som vil vatne og stelle hagen i sommar.
VAKTLISTE sommar 2018
Vatning og stell av blomar ved Valldal sjukeheim
Dagtilbodet vatnar torsdagar, men ferie veke 28-32
Veke Ansvarleg (bytt med kvarandre ved behov)
25 Byrg/Dagtilbod
26 Byrg/Dagtilbod
27 Byrg/Dagtilbod
28 Elinor Ruset
29 Inghild Lingaas
30 Nina Grøndahl
31 Brita Melchior
32 Byrg
33 Byrg/Dagtilbod
34
35
Kanskje må vi ha ein liten dugnad ut i juli for å rydde litt,- og kanskje sjå etter lus igjen ??
Elles har kommunen no begynt graving til fundamentet for paviljongen vi skal setje opp !! Håper det blir støyping av feste snart , - Oddbjørn Kleppe har med seg ein dugnadsgjeng som er klar til å sette opp bygget !