Vi starta med nydeleg ballmiddag klokka 5. Lupinen kafe hadde rikeleg med godt tilbehør, så vi kosa oss med potetball, pinnekjøt, saltkjøt, poteter, kålrot, steikt bacon, kulturmjølk og sirup !
Mette og gode starta vi årsmøtet kl 18.30 på Loftsstova på Muritunet. Det vart vanlege årsmøtesaker med rekneskap, val, kaffi og åresal.
Mette Marie Døving gjekk av som leiar etter to år. Ho har gjort flott innsats både lokalt og i fylkeslaget og fekk blomster for dette. Ny leiar vart Solveig Stakkestad, Nelly Ytterli vart også ny i styret. Bjørg og Kristin var ikkje på val. Sunneva gjekk ut av styret etter mange år som stødig skrivar, men skal fortsetje som vara.
Kjell Rønning hjelpte til med rekneskap og bank og fekk stor takk for det.
Elles vart det litt diskusjon om årsplanen for neste år, kva og kor mykje skal vi engasjere oss i.- Også litt diskusjon om økonomisk godtgjersle til styremedlemane, - styret skulle arbeide vidare med dette.
Maten på Lupinen var god, og til kaffien vart det nydeleg Pavlova. Åresal vart det sjølvsagt også tid til.
Meir om årsmøtet kan du lese når referatet er klart, det vert lagt under fana Referater.