Årsmøte på Elvatun. Foto M.Hauso
Årsmøte på Elvatun. Foto M.Hauso
Sogelaget heldt føredrag, Foto M. Hauso
Sogelaget heldt føredrag, Foto M. Hauso
Vevkonene vart takka for 37 år innsats for jolemessa, foto Anja Svingen
Vevkonene vart takka for 37 år innsats for jolemessa, foto Anja Svingen

Triveleg årsmøte i Ulvik

Godt frammøte og god stemning på årsmøte i Ulvik Bygdekvinnelag 18.oktober 2021. Fint å samlast utan meterkrav.

I tillegg til årsmøtesaker som godkjenning av rekneskap, årsmeldingar og val var det matøkt og utlodding.

Frå Ulvik sogelag heldt Hildeborg Dalaker og Berit Aarekol eit veldig bra føredrag om "Turisme i indre Hardanger - tre driftige Katrina'er". Det var her snakk om Katrina Vikør (Ulvik), Katrina Mæland (Granvin) og Katrina Næsheim (Eidfjord), som alle dreiv hotell i si bygd fram mot 1970-talet.

 

Resultat av valet:

Styret: Leiar Margunn Hauso, styremedlemer: Torill O. Heggseth, Unni Solem, Annlaug Midtrød og Solgunn Wiik Bjørke. Vara: Malin Eskilsson Gyllander og Liv Hauso

Vevstove styre: Signy Øydvin, Agnes Lekve Nes, Linn Myhre, Wilma van Manen, Anne Marit Finne. Vara Ragna Øydvin og Sonja Haugland

Turnenmnd: Bjørg Haukeland, Svanhild Dybsland, Annlaug Midtrød

Jonsokbrurenemnd: Anne Marie Øydvin, Jenny Johnsen, Kjersti Johanne Nybø. Vara Sunniva M. K. Sæterdal

Dåpskjolekontakt: Asa Gunnarsdottir

Revisor: Astrid Ettestad

Valnemnd: Kjersti Kolås Bergo, Venke Langballe, Berit Aarekol. Vara Linn Myhre

 

Bli medlem