Solgunn Wiik Bjørke samtala med desse to dyktige damene, slik at me fekk vite meir om deira heimland, oppvekst, skulegang, kulturbakgrunn, om kva dei har gjort etter at dei kom til Ulvik.
Halima kom til Noreg som flyktning for 6-7 år sidan og jobbar i Ulvik barnehage. Vera flytta til Noreg for meir enn 10 år sidan og har sidan 2019 vore teknisk sjef i Ulvik herad. Begge snakkar varmt om bygda og trivst godt!