Leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg, ynskte 270 bygdekvinner velkomne til Trondheim.
Heddal Bygdekvinnelag frå Notodden vart kåra til årets lokallag 2018. Bygdekvinneprisen "Kjerringa mot straumen" gjekk til ei rørt Karoline Sunde Storflor. Me gratulerer!
Frå prestegard med historisk sus til kulturhus. Hans Olav Brenner (NRK programleiar, litteraturjournalist og skodespelar) og Anita Krohn Traaseth (næringslivsleiar, forfattar og spaltist i Aftenposten) delte sine erfaringar frå sitt spenstige fellesprosjekt. Utan å kjenna kvarandre, gjekk dei i 2017 saman om å kjøpe prestegarden i Snertingdal. Ein spesiell historie med ein god porsjon galskap og mykje arbeid, til glede for bygda og for kulturlivet.
Siri Helle, skribent, forfattar og agronom sette lys på forbrukermakt. Ho har skrive boka "Handle rett", som tek for seg alla vala me må ta i matbukikken og boka "Matmakt på butikken". Helle peika på SlowFood-rørsla, og drog fram grunnleggjaren Carlo Petrini.
Kva kan me læra av mathistorien vår? Spørsmålet blei stilt av sosiolog og forskar Annechen Bahr Bugge, som ei årrekkje har forska på mat og etevanar. No har ho skrive boka Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere. Sjå gjerne Bugge sin interessanne film Youtube: https://www.youtube.com/watch?v=iVmOrWj1w3s
Livsglede- frivilligheit, meistring og lukkefølelse var temaet Kari Frank reflekterte rundt. Frank snakka om verdet i det å drive med noko ein likar, dele med andre, skape saman og løfte i flokk. Og ja, ho gjorde oss litt klokare.
Jorunn Henriksen, styremedlem i Norges Bygdekvinnelag gav oss mange tankar omkring verving. Ho inspirerte oss, og før me kom tilbake til Hardanger, hadde det blitt fleire medlemer i Ulvik bygdekvinnelag!
.
Frå Ulvik Bygdekvinnelag var det tre deltakarar; Ingrid Nummedal, Caroline Macay Freim og Margunn Hauso
Laurdag var det duka for festmiddag og ølsmaking frå kvinnelege produsentar.
Festmiddagen blei avslutta med livleg underhaldning av Igor og fetterne.