Guro har ein spanande CV med utdanning innan statsvitskap, antropologi og sosiologi frå New Mexico og Oslo. Ho har jobba for Utenriksdepartementet frå 1981 til ho gjekk av med pensjon i 2019.
Ho har hatt stillingar som visekonsul i Houston i Texas, førstesekretær på Norge sin ambassade i Washington D.C, førstekonsulent og byråsjef i fleire stillingar i Utenriksdepartementet, generalkonsul i Miami, Florida. Ho har vore ambassadør i både Solvenia og Bulgaria.
I perioden 2003-2008 var ho ambassadør for kvinners rettigheter og likestilling, Seksjon for humantiære spørsmål, FN-avdelingen, Utenriksdepartementet.
Guro som er fødd i Ulvik, har gjennom åra i Utenriksdepartement sett Ulvik "på kartet" mange gonger. Ikkje minst har ho vore vore ein god "ambassadør" for Ulvikbunaden som ho har brukt flittig i jobben.
Gjennom sin gode formidlingsevne heldt Guro på tilhøyrarane si fulle merksemd i over ein time. Me fekk innblikk i eit spanande arbeidsliv, med fokus på mange viktige saker i inn og utland.
Dei nær 50 frammøtte fekk lokal musserande eplemost i glaset som velkomstdrykk. Etter Guro sitt føredrag vart det pizza levert frå den lokale kafen. Det var god steming rundt borda.
Ei flott feiring av den internasjonale kvinnedagen!