"Foto:Liv Spilde". Biletet er av Brita Dagestad Bjørke, nestleiar i HBK og Asa Gunnarsdottir, nyvald leiar i HBK
Àsa ny leiar i Hordaland bygdekvinnelag!
Àsa Gunnarsdottir vart valt som ny leiar i Hordaland bygdekvinnelag på fylkesårsmøtet 23. og 24.mars 2019. Àsa kjenner arbeidet i fylkesstyret godt, då ho har vore styremedlem i to periodar; først 2012-2015 og deretter 2018-2019. Ulvik bygdekvinnelag ynskjer Àsa til lukke med vervet!
Årsmøtet vart halde i hyggelege omgjevnader på Helgatun fjellpensjonat i Myrkdalen. 45 utsendingar frå lokallag frå heile Hordaland møttest. Ulvik vart representert av Kjersti B. Ystanes, Torill O. Heggseth og Margunn Hauso.