Me hadde bestilt guiding på bringeduk utstillinga. Det var over 1000 flotte, fargerike, nokon gamle med enkel "dekor", andre med kompliserte mønster. Mykje arbeid som vi kjente igjen, andre bringklutar som var meir ukjente. Me såg og på brurefølget, alle oppkledde i sine nydelige bunader, mellom anna utstilt som "Brudeferden i Hardanger".
Rundturen gjekk så til dei tilflytta restaurerte bygningane ovafor museet, gamle stover, mange andre hus som høyrer til eit gardstun, eller i bygda i gammal tid. Mykje å sjå og mange inntrykk. Det var jammen ikkje berre berre i gamle dager, med jordgolv, steinhellegolv, open ildstad, grue og åpning i taket (ljore), røykfylte stover, der heile storfamilien sov i sine korte senger, der dei og kokte maten og arbeidde med mang slags handarbeid.
Etter det deilig middag, kaffe og dessert på Utne Hotell, men allerførst fekk med velkomstsong av eigaren Bente Raaen Widding. Ho fortalte fleire historier frå gamel tid ved Utne Hotell.
Vel fornøgde med dagen gjekk turen innover fjorden att.