Medlemsmøte med gjester

Skare bygdekvinnelag baud inn til medlemsmøte 3.mai. Dette møtet hadde me prøvd å få til lenge. Temaet var Framtidsfullmakt og me hadde fått jurist Åse Berit Børve til å ta seg av emne.

Det var råd å ta med gjest evt. familie. Det møtte 19 medlemer og 2 gjester.  Åse Berit har arbeidt som juriist i politiet i mange år i tilleg til ulike andre arbeidsplasser mellom anna i privat advokatfirma der emne var mykje aktuelt..No er ho jurist i kommunen og er akkurat den kapasiteten me trrong.

Åse Berit tok for seg Framtidsfullmakt., Livstestament og litt om Testament. Framtidsfullmakt kan gjelde for kven som helst når du er fylt atten sjølv om det var noko eldre publikum her og som hadde ynskt emne.

Åse Berit var dyktig og gav oss mykje god og nyttig informasjon om dette som var ukjent for mange av oss.  Påpeikte kor viktig det var å fylgja formkrava til fullmakta så den vert gyldig når det gjeld.

Det var framtidsfullmakt vil ville vite mest om men og dette at Livstastamente gjeld ynskje i siste fase av livetMøte og at Testamente gjeld etter ein er gått bort og har med arv å gjera. Liten beinstrekk med kaffi og bollar blei det tid til og.

Møtet slutt i rimelig tid.  Me takka Åse Berit for flott jobb og me var mykje klokare når me gjekk heim..

 

Bli medlem